Et utvalg av dei 17 berekraftsmåla er relevante for Tombregruppa.
Den norske havbruksindustrien har hatt ein kraftig vekst dei siste åra. Som eit resultat av dette vert det stadig utarbeida betre måtar å drive innanfor berekraftige rammer. Eit langsiktig bilete, og eit ønske om å verte betre gjer at denne næringa har hatt ei enorm teknologisk og biologisk utvikling, og det stagnerar heller ikkje. Med meir informasjon, kunnskap og teknologi har denne næringa eit enormt potensial i å hjelpe verdsmarknaden sitt matbehov. Løysningane og teknologien som kjem fram kan også være aktuell i fleire andre industriar, og ikkje minst i drift av andre akvakulturelle artar rundt i heile verda.
Laks er ei kjempegod kilde på fleire viktige næringsstoff som kroppen treng. Omega-3 og Omega-6, vitamin D og Jod er alle kjempeviktige næringsstoff som fremmar ei god helse. Et meir fisk!
Eit høgt kompetansenivå er viktig for oss. Me har god dialog med lokale skular innanfor akvakulturutdanning. Me har aktivt brukt lærlingar hjå oss, og sikrar at alle ansatte får kompetansen dei treng for å starte erfaringsbygging innad i industrien. Horisonten vår er langsiktig, så erfaring og kompetanseutveksling er veldig viktig.
Likestilling blant kjønn, og ein variert arbeidsstyrke av menneske med forskjellig bakgrunn er noko me dyrkar. Me meiner dette er sentralt for ei god og lønnande drift
Me sysselsett 35 ansatte fordelt på seks kommunar. Me er ein aktiv bidragsyter både i form av sponsing, men spesielt i kjøp av varer og tjenester til drifta vår. Her har me eit samfunnsansvar som me tek seriøst.
Me tar del i fleire innovasjonsprosjekt for å prøve å finne nye løysingar på utfordringane me står ovenfor. Målet er å få ei meir berekraftig drift.
Me driv aktivt med internkontroll. Nettopp for å lage nye og betre prosedyrar og rutiner som sikrar oss ei betre ressursutnytting og optimalisering av produksjon.
Norsk oppdrettsfisk er det mest ressursvenlege dyreproteinet å produsere, og har det lavaste karbonavtrykket. Likevel jobbar me aktivt med å redusere fotavtrykket vårt ytterlegare.
Me jobbar konstant mot å betre alle aspekta i drifta vår. At bruken av fjordane, sjøen og havet er berekraftig er høgt prioritert. Me har eit stort ansvar i å ta vare på naturen og mangfaldet rundt oss, og me jobbar stadig mot meir miljøvenlege metodar.
Det er umogeleg å endre verda aleine. Her er det behov for ein kollektiv innsats. Me samarbeidar med myndigheitene, labratorium, andre havbruksaktørar, studentar og leverandørar for å sørge for ei berekraftig framdrift. Me delar kunnskap, informasjon og løysningar. Me ønskjer å vere ærlege, åpne og å lære frå dei rundt oss.